Hytte i Ula, Vestfold

Hytte i Ula, Vestfold

Strikkemønster på hytta med STENI Vision

På et hyttetun i idylliske Ula i Larvik kommune i Vestfold har sivilarkitekt Signe Mossige lekt seg med materialbruk. Hun har valgt å bruke STENI fasadeplater til prosjektet – som er hennes egen og familiens hytte. Les om Signes bakgrunn for det utradisjonelle fasadevalget.

Arbeidet med anneks på hytta var allereide i gang, men entreprenøren var med på leiken og raude STENI Colour plater vart skifta ut med «strikkeplater» i STENI Vision.

STENI Vision sette tankane litt i spinn på kva ein kunne tillata seg på ein fasade… Og med strikkemønster i flammegarn vart ein sett effektivt tilbake til 70-talet då  heimestrikka genser eller vest i  flammegarn blei standardgarderobe.

STENI Vision sette tankane litt i spinn på kva ein kunne tillata seg på ein fasade… Og med strikkemønster i flammegarn vart ein sett effektivt tilbake til 70-talet då  heimestrikka genser eller vest i  flammegarn blei standardgarderobe.

Dei mønstra platene er plassert i innhukk i fasaden, og vert ramma inn av brunbeisa panel.  Det mørke panelet roar det heile ned.  Restplatene er brukt som underliggar for ståande panel på frittståande utebu.

I gavlane etablerte me inntrukne parti med arbeidsbenkar for snekring og matlaging. Utekjøkkenet har «strikkeplater» som bakvegg og benkeplate i irrgrøn STENI Colour i høgglans.  Samme grøne plata til det store utebordet som kan stå ute heile året, og som tåler spyling med hageslange..

Materialet står i kontrast til alt anna i omgjevnadene, men glir likevel fint inn. Det grøne mønsteret finn fargemessig gjenlyd i skogen rundt.  På sikt vert eksisterande hytte skifta ut og nytt bygg vil danna eit tun med annekset.  Då vert ytterfasadane mørkbeisa og fasadane inn mot tunet i fargeglade STENI-plater.

Det er alltid spennande når plateprodusentar kjem med ny fargepalett. 2014-kolleksjonen til STENI var årets beste - mange fargar, gode fargar og utval som høvde saman​ Siv. ark. Signe Mossige​